Vestlending
Vestlending Original Hoodie
Vestlending Original Hoodie
For dagar der vêret ikkje heilt har bestemt seg. Altså dei fleste.
Vestlending Original Hoodie er laga for kjølege morgonar, seine kveldar, ferjekø, fjellturar, kaffipausar og heilt vanlege dagar der ein god hoodie er omtrent det einaste fornuftige valet.
Enkel. Solid. Behageleg. Med Vestlending-identiteten akkurat tydeleg nok.
Bruk han heime. Ta han med over fjellet. Eller bruk han på andre sida av verda når du treng ei lita påminning om kvar du høyrer til.
Du treng ikkje vere fødd på Vestlandet.
Det held at du har litt Vestland i deg.
Stein på stein.
Kvalitet du kjenner.
Laga i eit mjukt og solid stoff med 80 % kjemma, ringspunne bomullsfibrar frå økologisk produksjon eller omlegging til økologisk produksjon, og 20 % resirkulert polyester.
Med ei stoffvekt på 280 g/m² får du eit behageleg og slitesterkt plagg med god struktur. Den kjemma bomulla gir ei mjuk og jamn overflate, medan polyesterfibrene bidreg til at plagget held fasongen.
Gode materialval, gjennomtenkte detaljar og komfort som varer. Akkurat slik me meiner ein god hoodie skal vere.
FORHÅNDSBESTILLING – LEVERING I NOVEMBER
Dette produktet er ein del av den første produksjonen vår og er no tilgjengeleg for førehandsbestilling. Du betaler ved bestilling, og vi forventar å kunne levere i løpet av november.
Takk for at du er med heilt frå starten! Stein på stein.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Share





