Vestlending
Vestlending Original Hettejakke
Vestlending Original Hettejakke
Ei hettejakke for skiftande vêr og folk som ikkje let seg stoppe av det.
Vestlending Original Hettejakke er den lune og anvendelege klassikaren. Varden på brystet. Vestlending på kroppen. Glidelås framme, hette når det trengst – og akkurat passe avslappa til å fungere nesten overalt.
Bruk ho på veg til jobb, på bryggja, på tur, på ferja eller ein heilt annan stad i verda. Open når sola kjem fram. Lukka når ho forsvinn igjen.
Du treng ikkje vere fødd på Vestlandet for å ha ho på – det held at du har litt Vestland i deg.
Stein på stein.
Kvalitet du kjenner.
Laga i eit mjukt og solid stoff med 80 % kjemma, ringspunne bomullsfibrar frå økologisk produksjon eller omlegging til økologisk produksjon, og 20 % resirkulert polyester.
Med ei stoffvekt på 280 g/m² får du eit behageleg og slitesterkt plagg med god struktur. Den kjemma bomulla gir ei mjuk og jamn overflate, medan polyesterfibrene bidreg til at plagget held fasongen.
Gode materialval, gjennomtenkte detaljar og komfort som varer. Akkurat slik me meiner ein god hoodie skal vere.
FORHÅNDSBESTILLING – LEVERING I NOVEMBER
Dette produktet er ein del av den første produksjonen vår og er no tilgjengeleg for førehandsbestilling. Du betaler ved bestilling, og vi forventar å kunne levere i løpet av november.
Takk for at du er med heilt frå starten! Stein på stein.
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Share



