Samling: Kaffikrus

Ein god kopp kaffi. Ei kjensle av å høyre til.

Det er noko med å ta ein kaffi saman. Setje seg ned, finne fram koppane og la praten gå. Om kvardagen, om gamle dagar og om plassen vi kjem frå.

Koppane våre er laga for både kaffigleda og tilhøyrsla. Du kan vera stolt stril, ekte bergensar eller fusing i hjartet. Den lokale identiteten har sin eigen plass – og i botnen er vi alle vestlendingar.

Med Vestlending-logoen og det vesle gullhjartet samlar koppane det vi har felles, og gir rom for det som gjer kvar heimstad spesiell. Ein kopp til deg sjølv, eller ei gåve til nokon du gjerne skulle teke ein kaffi med.

Vi vil at alle skal finna ein kopp dei kjenner seg heime i. Finn du ikkje staden din eller namnet du ber med stoltheit? Send oss ei melding! Vi vil gjerne høyra kva du ønskjer deg.