Kari
VESTLENDING № 8

Kari

63 år Voss Bonde

Ambassadør og personportrett i Vestlending-universet.

«Det ordnar seg. Det pleier no det.»

Møt Kari

Kari har budd på Voss heile livet. Ho kjenner årstidene på lukta, veit når det er på tide å få sauene inn, og meiner framleis at mykje kan løysast med kaffi, godt verktøy og litt tolmod.

For Kari handlar det å vere vestlending mindre om kvar grensene går på kartet, og meir om korleis ein møter livet. Ein gjer det som må gjerast. Hjelper til når nokon treng ei hand. Tek vare på folk rundt seg utan nødvendigvis å lage så mykje styr av det.

Ho er glad i fjella, garden og folka sine. Regnet kunne ho nok klart seg med litt mindre av.

Men ho flyttar ingen stad.