Ahmed
VESTLENDING № 37

Ahmed

29 år Bergen Ingeniør

Flytta hit for å studere. Trivdes godt. Gløymde å flytte heim.

««Eg skulle berre vere her i tre år.»»

Møt Ahmed

Ahmed kom til Bergen for å studere. Planen var enkel: nokre år på Vestlandet, ein grad i lomma og så vidare til noko anna.

Det er seks år sidan.

Ein stad mellom regnbyene, fjellturane, seine kveldar med gode vener og den første gongen han tok seg sjølv i å irritere seg over folk som stod på feil side av rulletrappa, skjedde det noko. Bergen blei heim.

For Ahmed handlar det å vere vestlending ikkje om kvar du er fødd, men om kvar du kjenner at du høyrer til. Om menneska du har rundt deg, stadene du saknar når du er vekke – og den merkelege kjensla av å bli litt glad når du ser fjella igjen.

Han snakkar framleis litt for mykje til å vere ein stereotypisk vestlending.

Me jobbar med saka.