Stein på stein
Vi begynner med den første steinen
vestlending er ein startup i ordets rette forstand. Vi har ikkje store investorar i ryggen, eit svært lager eller eit marknadsbudsjett som kan kjøpe oss merksemd. Vi begynner med fire tomme hender, mykje pågangsmot og ein idé vi har skikkeleg tru på: å byggje noko som samlar oss rundt den vestlandske identiteten og alt det fine vi meiner følgjer med han.
Vi er heilt i starten, og det legg vi heller ikkje skjul på. Det meste må skapast, prøvast, lærast og byggjast undervegs. Difor betyr dei første som finn vegen hit ekstra mykje for oss. Når du kjøper ei t-skjorte, ein caps, ein kopp eller ditt eige Vestlendingnummer, kjøper du sjølvsagt eit produkt – men du er samtidig med på å gi ein liten vestlandsk idé sjansen til å vekse seg større.
Vi kjem neppe til å rope høgast. Vi har heller ikkje budsjett til å vere overalt, heile tida. Kanskje passar det eigentleg ganske godt. For dette skal byggjast på vestlandsk vis: av folk som likar det vi held på med, som fortel det vidare, som støttar kvarandre og som meiner at gode ting er verdt å ta vare på.
Så dette er også ei lita utfordring til deg som kjenner deg igjen i det vi prøver å skape. Sikre deg eit Vestlendingnummer medan numra framleis er låge. Ta på deg vestlending med stoltheit. Gi ein kopp til ein du meiner fortener han. Del oss med ein annan vestlending, følg med på det vi byggjer og hjelp oss å få fleire med. Det treng ikkje vere så høglydt. Det held at mange nok gjer litt.
For dersom vestlending skal bli det vi trur det kan bli, kjem det ikkje berre til å vere fordi vi bygde ein merkevare. Det kjem til å vere fordi vestlendingar bestemte seg for at dette var noko dei ville vere ein del av.
Vi veit ikkje nøyaktig kor denne reisa kjem til å ende, og det er kanskje noko av det finaste med å vere heilt i starten. Vi veit kva vi ønskjer å skape, vi veit kvar vi kjem frå, og vi har meir enn nok pågangsmot til å finne ut kor langt vi kan nå.
Slik byggjer vi vestlending. Med fire tomme hender, ekte kjærleik til Vestlandet og god hjelp frå dei som heiar på oss.
Stein på stein.