Vestlendingen bur mellom havet og høgfjellet, i bygda og byen, ytst mot storhavet og inst i fjorden.

Me snakkar ikkje likt, lever ikkje likt og meiner definitivt ikkje alltid det same.

Likevel er det noko der.

Noko me kjenner att i kvarandre.

Det sit litt djupare enn dialekta

Å vere vestlending handlar sjølvsagt om geografi. Om fjordane, fjella, øyane, bygdene og byane langs kysten.

Men det handlar om meir enn kvar du er fødd - det handlar om å høyre til.

Om å kjenne noko når fjella dukkar opp igjen etter ei lang reise. Om lukta av sjø, våt asfalt og nyslått gras. Om å vite at ein dag med sol må brukast medan han er her.

Du kan flytte frå Vestlandet.

Det er ikkje sikkert Vestlandet flyttar frå deg.

Me er vane med at det bles litt

Vestlandet har aldri vore den enklaste staden å bu.

Naturen har forma både landskapet og menneska som bur her. Generasjonar har levd av havet, jorda, fisken, industrien og det ein klarte å skape mellom fjell som eigentleg ikkje såg særleg interesserte ut i å sleppe folk til.

Det har kanskje gjort noko med oss.

Me likar folk som får ting gjort. Folk som møter opp. Folk som ikkje gir seg berre fordi det regnar sidelengs.

For det gjer det av og til.

Me tek vare på kvarandre. På vår måte.

Det er ikkje alltid me seier så mykje om det.
Me berre gjer det.

«Skal du sitte på?»
«Skal me med same ferja?»
«Skal du ha ei hand?»
«Skal me ta ein kaffi?»

Små spørsmål. Ikkje store ord.
Men ofte er det akkurat slik fellesskap ser ut her.

For ingen byggjer ei varde åleine.

Me tek gjerne ein spøk

Me kan vere ganske stolte av heimstaden vår.

Samtidig kan me bruke ein heil kveld på å forklare alt som er gale med han.

Det er ein del av avtalen.

Vestlandsk humor er gjerne tørr, litt underspelt og ikkje alltid heilt enkel å oppdage dersom du ikkje følgjer med.

Me ler av vêret, naboen, oss sjølve og bygda på andre sida av fjorden.

Særleg bygda på andre sida av fjorden.

Ulike. Heldigvis.

Det finst ingen fasit på korleis ein vestlending ser ut.

Me er bønder og ingeniørar, fiskarar og sjukepleiarar, studentar og gründarar. Me bur på gardar, i bygder og midt i byen. Me er unge og gamle. Nokre snakkar breitt. Andre snakkar bergensk.

Nokre har slekta si her så langt bakover at ingen lenger har heilt kontroll.

Andre kom hit i fjor.

For det å vere vestlending handlar ikkje berre om kvar du kjem frå.

Det handlar om kvar du kjenner at du høyrer til.

Stein på stein.

Ei varde byrjar med éin stein.

Så kjem ein til.

Ingen er heilt like. Nokre er store, andre små. Nokre har lege her lenge. Andre har nettopp kome til.

Kvar for seg er dei berre steinar.

Saman blir dei noko som står.

Kanskje er det ikkje den dummaste måten å beskrive Vestlandet på heller.

Generasjon etter generasjon. Bygd etter bygd. Menneske etter menneske.

Me kjem frå ulike stader. Me lever ulike liv. Me har ulike historier.

Likevel byggjer me noko saman.

Stein på stein.