Er DU ein vestlending?
Det handlar ikkje berre om kvar du er fødd.Det handlar kanskje endå meir om korleis du er skrudd saman.
Det finst ingen test du kan ta.
Ingen fasit. Ingen opptaksprøve.
Men det finst nokre ting me kjenner att.
Små trekk. Vanar. Måtar å møte folk og livet på.
Så. Kor mykje kjenner du deg att i?
1- Du treng ikkje seie så mykje
Nokon har eit problem.
Du held ikkje eit langt foredrag om kor mykje du bryr deg.
Du spør:
«Skal du ha ei hand?»
Så hjelper du til.
Etterpå treng me eigentleg ikkje snakke så mykje meir om det.
Kjenner du deg att? Då er me i gang.
"...skal du ha ei hand...?"
2- Du veit at vêret ikkje er ein grunn
Det regnar.
Javel.
Du hadde no tenkt deg ut likevel.
Du eig meir enn éi regnjakke, har sterke meiningar om kva som faktisk er «dårleg vêr», og veit at ein vêrmelding først og fremst er nyttig informasjon om kva jakke du skal ta på deg.
Samtidig veit du at når sola først kjem fram, er det ingen grunn til å kaste bort tida.
Då kan planane endrast.
Ein fin dag skal brukast.
3- Du likar folk som får ting gjort
Du har sans for folk som møter opp.
Som tek i eit tak, finn fram verktøyet og prøver å finne ei løysing før dei begynner å forklare kvifor noko er vanskeleg.
Det treng ikkje vere perfekt.
Men det må fungere.
Og når nokon seier:
«Me får sjå på det.»
veit du at det ofte betyr:
«Eg ordnar det.»
Eit nummer som er ditt.
Alle får sitt eige, personlege Vestlendingnummer, men dei første 1000 blir noko heilt eige.
Du får nummeret sitt medan me framleis legg dei første steinane i varden – og blir ein del av den første generasjonen Vestlendingar.
Vestlendingnummeret ditt følgjer deg vidare.
Det kan gå i arv. Nummeret ditt blir trykt på Vestlending-plagga du kjøper. Og som ein av dei første 1000 får du fordelar som følgjer nummeret:
– Nummeret trykt på plagga dine
– Eigne rabattar og fordelar
– Tilgang til utvalde produkt før alle andre
– Eksklusive lanseringar og tilbod
– Ein plass blant dei første 1000 – for alltid
Stein på stein. Vestlending for Vestlending.
4- Du er passe imponert
Nokon har gjort noko heilt ekstraordinært.
Bestege eit fjell. Bygd ei bedrift. Kryssa Atlanteren. Vunne VM.
Du lyttar, nikkar anerkjennande og seier:
«Jau. Det var bra.»
Det er ikkje det at du ikkje er imponert.
Du ser berre ingen grunn til å miste hovudet heilt.
Folk får no til ting.
Me skal ikkje ta heilt av heller.
"...Jau, det var bra..."
5 - Du veit kvar du høyrer til
Du kan reise langt.
Du kan bu ein annan stad. Kanskje i mange år.
Kanskje er du ikkje eingong fødd her.
Likevel kan det vere noko som skjer når landskapet blir kjent igjen.
Fjella. Sjøen. Lyset. Lukta etter regnet. Vegane du kjenner. Menneska du saknar meir enn du kanskje seier.
Og den merkelege kjensla når du kjem rundt ein sving, over ein fjelltopp eller ut av ein tunnel og plutseleg kjenner:
Der er det.
No er eg heime.
"...Det beste med å reise vekk er at du kjem heim igjen..."
6- Du toler at me er forskjellige
Me er ikkje alltid einige.
Bergensaren meiner Bergen er sentrum.
Sunnfjordingen let han halde på.
Jærbuen meiner resten av oss burde lære oss å dyrke noko.
Og på Sunnmøre har dei allereie rekna ut kva heile greia kostar.
Me snakkar forskjellig. Lever forskjellig. Heiar på forskjellige lag og har sterke meiningar om kva som eigentleg er den finaste delen av Vestlandet.
Heldigvis.
For poenget har aldri vore at me skal vere like.
Det handlar om noko anna. Om måten me møter livet, naturen og kvarandre på.
Og om den ganske bestemte kjensla av å høyre til.