Den vestlandske kunsten å ikkje skryte

Den vestlandske kunsten å ikkje skryte

«Det går ganske bra," eller ennå bedre: "Jau, det går no."

Det høyrest ut som ei heilt ordinær opplysning, og på Vestlandet kan det sjølvsagt vere nettopp det. Men det kan også bety at bedrifta nettopp har levert sitt beste resultat nokon gong, huset er nedbetalt, ungane har klart seg godt, helsa held og ein akkurat har kjøpt naboeigedomen.

Det går ganske bra.

Meir trengst ikkje. Vi har gjennom generasjonar utvikla ein ganske avansert kunstform her vest: kunsten å vere skikkeleg stolt utan å gjere altfor mykje ut av det.

Det begynner no å hjelpe

Du kjenner kanskje typen. Han har brukt tre år på å restaurere eit gammalt hus som på eit tidspunkt var nærare ved å bli ved enn bustad. Han har skifta tak, drenert rundt grunnmuren, lagt nye golv, restaurert gamle vindauge og bygd kjøkken. Mykje har han gjort sjølv, gjerne etter arbeidstid og i helgene, og prosjektet har kosta både pengar, sveitte og eit ukjent tal turar til byggevarehandelen.

Så kjem du inn døra for første gong, ser deg rundt og seier at dette har blitt heilt fantastisk.

Han ser også rundt seg, omtrent som om han vurderer huset for første gong.

«Jau. Det begynner no å hjelpe.»

Tre års arbeid og eit mindre statsbudsjett. Det begynner å hjelpe.

Det er ikkje nødvendigvis falsk beskjedenheit. Det er heller ikkje slik at han ikkje er stolt. Sanninga er truleg at han er frykteleg stolt. Han har berre ikkje noko stort behov for å vere den som fortel deg det.

Det kan du få oppdage sjølv.

Resultatet får helst snakke

Det finst ei lang tradisjon på Vestlandet for at det er heilt i orden å vere flink, så lenge ein ikkje blir altfor oppteken av å informere om det.

Ein kar kan ha bygd ei verksemd frå kjøkkenbordet til femti tilsette og framleis forklare at «vi held no på med litt forskjellig». Ein annan kan ha vunne den største kontrakten i selskapet si historie og nøye seg med å seie at «det kom no inn noko arbeid». Dersom sonen har blitt professor, held det lenge å nemne at han «jobbar på universitetet», og vinn dottera NM, kan ein slå fast at ho alltid har vore ganske ivrig.

Alle forstår kva som skjer. Ingen treng ytterlegare orientering.

Det betyr ikkje at vi manglar stoltheit. Tvert imot kan stoltheita sitje ganske djupt, både over familien, arbeidet, garden, verksemda, heimstaden og menneska rundt oss. Ho har berre tradisjonelt hatt eit nokså moderat lydnivå.

Kanskje er det noko fint i det.

Det som måtte gjerast

Det er sjølvsagt farleg å forklare menneske ut frå geografi åleine. Det finst høglydte vestlendingar, beskjedne austlendingar og truleg ein og annan sunnmøring som har kjøpt noko utan først å forhandle om prisen.

Likevel er det ikkje urimeleg å tenkje at historia har sett spor.

Store delar av Vestlandet vart bygde av menneske som levde tett på naturen og var avhengige av å få gjort det som måtte gjerast når det måtte gjerast. Båten skulle ut når vêret tillét det, høyet skulle inn før regnet kom, dyra skulle stellast, taket skulle halde og maten skulle på bordet. Seinare kom fabrikkane, verfta, krafta, oppdrettet, oljen, teknologien og alle dei små og store verksemdene som har vakse fram langs kysten og inne i fjordane.

Felles for mykje av dette er at arbeidet måtte gjerast lenge før nokon kunne begynne å snakke om resultatet.

Det er vanskeleg å vite kor mykje av den vestlandske nøkternheita som kjem derifrå, men tanken om at det du gjer helst bør vere viktigare enn det du seier om det, sit framleis ganske godt fast mange stader.

Det er ikkje den verste arven å bere med seg.

Bergen må sjølvsagt nemnast

Så har vi Bergen.

Det ville vere historisk uforsvarleg å skrive ein heil tekst om vestlandsk beskjedenheit utan å erkjenne at Bergen gjennom fleire hundre år har gjennomført eit omfattande parallelt forskingsprosjekt.

Bergen er stolt av Bergen, og har aldri sett nokon særleg grunn til å halde dette hemmeleg. Byen er stolt av fjella, Bryggen, historia, regnet, fotballaget, buekorpsa og det faktum at Bergen ein gong var større enn Oslo. Sistnemnde ligg rett nok nokre hundre år tilbake i tid, men det er ingen grunn til å bli historielaus.

Det er eigentleg ganske fint.

For den bergenske sjølvtilliten og den vestlandske nøkternheita er kanskje ikkje så forskjellige som dei først ser ut. Begge kjem frå ei sterk kjensle av å høyre til. Dei uttrykkjer det berre på litt ulikt volum.

Den eine seier: «Her kjem vi frå.»

Den andre seier det same, berre utan å vekkje naboen.

Når beskjedenheita blir litt upraktisk

Det finst likevel eit punkt der denne eigenskapen kan bli ei ulempe, og det er når vi skal fortelje andre kva vi faktisk kan.

Vestlandet er fullt av menneske og verksemder som utviklar teknologi, byggjer industri, skaper arbeidsplassar, eksporterer til heile verda og finn løysingar på problem som er langt større enn den vesle staden dei sjølve kjem frå. Nokre av dei held til på øyar, i bygder og inst i fjordar der ein utanforståande knapt ville ha leita etter eit internasjonalt selskap.

Likevel kan presentasjonen stundom høyrest ut som om dei helst ikkje vil forstyrre.

«Vi har no laga noko som kanskje kan vere litt interessant.»

Så viser det seg at dei har utvikla noko ingen andre i verda får heilt til.

Her kunne vi kanskje ha tillate oss å skru volumet eitt hakk opp. Ikkje mykje. Ingen ønskjer at folk skal bli urolege. Men det burde vere mogleg å gå frå «det går no greitt» til «dette er vi faktisk ganske gode på» utan at nokon må flytte austover av den grunn.

For det går an å vere stolt utan å skryte.

Den stille stoltheita

Kanskje er det nettopp her den vestlandske varianten har noko ved seg.

Stoltheit treng ikkje handle om å vere betre enn andre. Ho kan handle om å vite kva noko har kosta, kven som har vore med på vegen og kvifor resultatet betyr noko. Du kan vere stolt av bygda di utan å meine at nabobygda burde leggjast ned. Du kan vere stolt av verksemda du har bygd utan å gløyme dei som bygde henne saman med deg. Du kan vere stolt av ungane utan å halde foredrag om dei kvar gong nokon spør korleis det går.

Den typen stoltheit står stødigare enn skrytet. Ho treng ikkje samanlikne seg så mykje.

Ho veit kva ho er verd.

Det er kanskje derfor ho passar så godt her vest, i eit landskap som heller ikkje har noko særleg behov for å forklare seg. Fjella står der. Fjordane ligg der. Havet held fram med sitt. Ingen av dei har sett opp eit skilt som fortel at dei er imponerande.

Det får folk oppdage sjølve.

Så kanskje skal vi ikkje kvitte oss med den vestlandske kunsten å ikkje skryte. Kanskje skal vi berre justere henne ørlite.

Neste gong nokon fortel deg at du har gjort ein god jobb, treng du ikkje forklare alt som kunne vore betre. Når nokon seier at bedrifta di har fått til noko imponerande, treng du ikkje straks peike på alt som gjekk gale undervegs.

Det går faktisk an å berre seie takk.

Og dersom det kjennest litt voldsomt, kan du alltids leggje til:

«Vi er no ganske nøgde.»

Ein plass får grensa gå.

Tilbake til bloggen